tirsdag 3. november 2009
hva har vi lært?
tirsdag 13. oktober 2009
Verdens sterkaste gut
Giuliano (5) slo tidligare den tidlegare verdsrekorden og blei kåra til det sterkaste barnet i verda. Han tok 140 armhevingar på ein video, og klarer 90 graders armhevingar som ikkje ein gong dei dyktigaste turnarene i verda meistrar. Faren tok med sonen til treningssenteret frå han var berre eit år gamal. No meiner Olympiatoppen guten er blitt utsett for barnemishandling, noko faren nektar på. Han seier guten likar å trene og kan bestemme sjølv når han vil slutte. Dette trur ikkje Espen Tønnesen, fagansvarleg for styrke i Olympiatoppen, noe på. Han seier dei rumenske turnarane på 80-tallet også virka som dei hadde det greit. Men seinare kom det ut at dei ikkje hadde det bra i det heile tatt. Sjå heile artikkelen og videoklippet.
Eg trur ikkje guten har det så greit. Han får antakeleg ikkje spise godteri og andre usunne ting. I tillegg går jo den tida han ønskjer bruke med venane sine, til trening. Han vil ikkje få det nettverket rundt seg på same måte. Men det er jo klart guten er sterk. Eg synest nesten det er litt ekkelt eg, kor sterk han er. Eg synest liksom ikkje det er så pent med så mykje musklar på den lille guten. Det blir litt unaturleg, føler eg da.
Her ser du han ta 90 graders push-ups.
Same kva, så er vel det noko faren hans får ordne opp i. Trivst han eigentlig med treninga, så kan det hende det er greit for omverda. Om treninga er noko han gleder seg til, er det jo ikkje så stort problem.
Eg trur problemet ligg i at vi eigentleg ikkje veit korleis guten har det, men bare korleis faren meiner sonen har det. Og om ein hadde spurt han, veit ein heller ikkje om det er eit svar han har blitt lært opp til å svare eller om svaret er sanninga.